Velkommen til oss Ahlđ
Ahl er nyaste inn dĂžrene hos oss i Kraftlauget. Han har ikkje den mest vanlege utdanninga for ein utviklar, og har ein sĂ„ spennande bakgrunn som bachelor bĂ„de i informasjonsvitenskap og midtĂžstenkunnskap, samt Master i historie.đ€©.
Ahl er nyaste inn dÞrene hos oss i Kraftlauget. Han har ikkje den mest vanlege utdanninga for ein utviklar, og har ein sÄ spennande bakgrunn som bachelor bÄde i informasjonsvitenskap og midtÞstenkunnskap, samt Master i historie. I tillegg til dette har han og studert arabisk. I lÞpet av studia hadde han og diverse jobbar som studieveiledar og sensor.
No har han fokusert mest pÄ IT-delen av utdanninga i jobbsamanheng, og har i tida etter eit opphold som overingeniÞr hos universitetet i Bergen arbeida den siste tida ute hos eit rederi i Bergen. Hos universitetet arbeida han mykje med integrasjonar og tilgjengeleggjering av data. Han holdt ogsÄ interne kurs og holdt konferanseinnlegg.
Av meir spesielle interesser kan nemnast at Ahl skriv musikk basert pĂ„ sin (historiske) World of Warcraft-karakters opplevingar.đ§đ
I den siste jobben arbeida han hovedsakleg som backendutviklar med kundesystem. I tillegg til dette hadde han mentoransvaret for ein junior pÄ teamet. Ahl er frÄ Rogaland, men studia fÞrte han til Bergen og her ser det ut til at han blir vÊrande ei stund. Han er godt etablert med sambuar og ein son pÄ 2 Är pÄ LandÄs, eit omrÄde som trass alt er ein del rolegare enn Kairo der han og sambuaren og budde i eit Är. PÄ fritida prioriterer Ahl enten dei hÞge toppar eller dei store djup. FjellgÄing og fridykking er begge omtykte aktivitetar for han.
Av meir spesielle interesser kan nemnast at Ahl skriv musikk basert pÄ sin (historiske) World of Warcraft-karakters opplevingar. Vi er veldig glade for Ä ha fÄtt Ahl med i Kraftlauget!