Velkommen til oss Alexander👋

Alexander Mjøs er utdanna som Master i programvareutvikling fra UIB og har i heile sin karriere arbeida som konsulent ute hos kunde. Han har arbeida med fleire ulike system som f.eks. arkivløysingar, APIar og chatsystem. Alt er skrive ved bruk av Java backend og Play-framework.

Han er svært fagleg solid, er alltid å stole på og dansar sjeldan på bordet. Alexander har trass si korte erfaring blitt ein kritisk ressurs for kunden vår og blir betegna som ein svært dyktig fagmann og hyggeleg kollega🤓. Han bur i Morvik saman med sambuaren. Alexander er vanlegvis ivrig på treningen👟, men har som mange fått aktiviteten redusert grunna corona.

Alexander har alltid vore kjent for å ha høg arbeidsmoral, og når han studerte sto han opp klokka 04.30 kvar morgon for å arbeide på IKEA sitt lager i Åsane før han starta på studiane for dagen. Han er og ein habil gamer🕹 og står ikkje tilbake for å ta ein kamp over tastaturet med gode venner. Ellers likar Alexander ølbrygging til liks med dei fleste utviklarar. Velkommen til oss, Alexander!!🤩

Bilde av Alexander Mjøs i kontorene til Kraftlauget

Alexander Mjøs er utviklar i Kraftlauget

Forrige
Forrige

Velkommen til oss Markus👋

Neste
Neste

Velkommen til oss Fredrik👋