Bergens mest populære design- og konsulentselskap🎉

For oss i Kraftlauget er det aller viktigaste at folk skal trivast med å arbeide her. Med beste plassering av konsulentselskapa og ein 4. plass på lista av topp 30 arbeidsplassar innanfor teknologibedrifter i Bergen, er me på god veg.

Kraftlauget sin hausttur på Færøyane 2022

Alle våre tilsette har komme frå arbeidsplassar der dei har trivdes godt, men vi er særs nøgde med at dei ifølge seg sjølve trives enno betre i Kraftlauget. Eigarandelar, medbestemmelse og fri i jul-og påskedagane trur vi bidreg til trivselen, sjølvsagt saman med spennande oppdrag. At vi tek bærekraft på alvor og gjer 5% av overskotet vårt til slike formål veit vi at dei tilsette set pris på.

Skal bli enno betre framover

Vi er stolte av å være Bergen sitt mest populære design- og konsulentselskap å arbeide i ifølge dei 409 som har svart på undersøkinga, men vi skal bli enno betre framover. Vi gratulerer og vår kjære kunde TV2 med å ha gått heilt til topps.

Om du har det fint der du er, men likevel er interessert i kva mulighetar det kan være for deg i Bergen sitt mest populære design- og teknologiselskap, ta kontakt på hei@kraftlauget.no eller ring 99716479.

Topp 30 arbeidsgivarar

I undersøkinga vart det presentert ei liste med 202 ulike bedrifter som ein kunne velja frå. I tillegg kunne ein leggja inn andre bedrifter i ein open kategori. Det var ingen avgrensingar på kor mange bedrifter ein kunne kryssa av, og dei fleste har oppgitt fleire enn ei bedrift. 356 av dei 409 har nemnt ein eller fleire bedrifter som dei meiner er mest attraktive. Alle bedriftene på lista fekk minst éi stemme.

Sjå heile Bønes Virik si Teknologi- og lønnsundersøkelse for Bergen frå 2023

 
Forrige
Forrige

Fiks ferdig julekalender på 6 dagar 🎁

Neste
Neste

Velkommen til oss Geir Willy👋