Si hei til Johannes, vår nye full-stack utviklar👋
Johannes har vore Tech lead i forsikringsbransjen, men har tidlegare vore innom både kommunal sektor og konsulentbransjen. Han har vore borti dei fleste teknologiar gjennom åra, og likar godt å prøve desse ut for å forbedre prosessar og løysingar.
På fritida var Johannes lenge ein habil korsangar🎶, men no går denne tida til å engasjere seg i lufta gjennom flysimulatorar🛩 🚁
Johannes Sørheim er full-stack utviklar i Kraftlauget
Oppvokst ved Norges nest beste fjord😉
Johannes Sørheim er endeleg på plass i Kraftlauget! Han kjem frå Norheimsund, idyllisk plassert ved Norges nest beste fjord. I mesteparten av arbeidslivet sitt har han likevel hatt tilhald i Bergen.
Første jobb hadde han i logistikkprogramvareselskapet Consafe Logistics i Lillestrøm, der han utvikla programvare for Windows Mobile for klientar som Coop, Carlsberg, Rema og Maxbo.
Deretter gjekk turen vidare til konsulentselskapet Innovit i Bergen, der han i tillegg til fleire interne prosjekt arbeida på oppdrag for mellom anna Equinor og Statnett. Sjølv om Johannes har vore borti mange ulike teknologiar, er det stort sett dotnet han har brukt på dei større oppgåvene.
10 års erfaring med forsikring🥇
Dei siste ti åra har Johannes arbeida i ulike roller innan IT hos Frende Forsikring. Eit av dei første prosjekta han jobba med der, var integrasjon av ei ny løysing for helsevurdering. Dette var eit viktig prosjekt for Frende, med strenge krav til sikkerhet. Løysinga har vore ein stor suksess, og Johannes har vore ein viktig bidragsytar heilt til det siste.
Når Johannes blir involvert i eit nytt prosjekt, legg han ned ein stor innsats for raskast mogeleg å få eit godt overblikk over ikkje berre prosjektet, men også korleis det heng saman med andre løysingar. Han likar godt å gå inn i detaljane, og blir raskt ein person som kan svare på spørsmål i dei teama han har jobba i. Og om muligheten byr seg, så bistår han med glede også utanfor teamet der han kan.
Etter kort tid i Frende vart Johannes teamleiar, dei siste åra som Tech Lead i team Min bedrift. Her jobba han som fullstackutviklar med React og dotnet. I eit sideprosjekt testa teamet også ut Svelte. Han er nysgjerrig, og likar godt å prøve ut ulike teknologiar for å forbedre prosessar og løysingar, men fokus er alltid på at sluttbrukaren får ei god oppleving.
Utenom jobb🛩 🚁
På fritida likar Johannes seg godt i fjellet, men han er ikkje mannen du finn på Løvstakken i tungt regnvær. Då set han seg gjerne ned bak flysimulatoren i staden, og flyr til finare vær - eller han utforskar heimeautomasjon med sensorar og småelektronikk.
Velkommen til oss, Johannes!