Velkommen til oss Thomas👋

Vi har den store gleda av å ønske Thomas velkommen som digital handverkar i Kraftlauget! Thomas har studert ved NITH i Bergen og har arbeida heile sin karriere i Telekombransjen. Der starta han først på salg før han bevega seg over til den nystarta utviklingsavdelingen i firmaet i 2003.

Han var med å bygge opp heile salgsprosessen for telefoniprodukta og har erfaring med overordna arkitektur på fleire av dei store løysingane. Han har arbeida med heile teknologistacken gjennom fleire år med alt frå infrastruktur til nettverk.

Thomas er ein ivrig tenåringspappa med mange jern i ilden. No for tida er det store prosjektet utviding av huset. Ellers klimprar Thomas også litt på gitaren og spelar keyboard🎸🎹.

Veldig kjekt å få deg med på laget🙌.

Forrige
Forrige

Velkommen til oss Paul👋

Neste
Neste

Girl Tech Fest i Bergen🤖