Kraftlauget + Generate Group = meir kraft for kundane våre

Kraftlauget er ein del av Generate Group, eit nordisk fellesskap av selskap med spisskompetanse innan strategi, teknologi, KI, design, utvikling og rådgiving. For oss handlar dette om å kunne gi kundane våre endå meir verdi gjennom samarbeid, deling og tilgang til eit større miljø.

Meir kapasitet og rett kompetanse

Som kunde hos oss har du framleis det same teamet å forhalde deg til. Når behova har vore større enn vår eigen kapasitet, eller når eit prosjekt har kravd spisskompetanse vi sjølve ikkje har, har vi kunna trekkje inn flinke folk frå dei andre selskapa i Generate. Det betyr at vi kan stille med både rett folk og nok folk, uansett situasjon.

Samarbeid som gir meirverdi

Vi har hatt fleire oppdrag saman med dei andre selskapa i Generate. Dette har gitt oss høve til å kombinere ulike fagfelt på ein måte som styrkjer leveransane våre og gir kundane løysingar som er meir heilskaplege.

Felles fagmiljø

Ein viktig gevinst har vore fellesskapet. Vi har delt erfaringar, arrangert faglege samlingar og utvikla oss saman på område som engasjerer oss. For kundane betyr dette at vi held oss oppdaterte og at vi kan spele på eit endå større kunnskapsmiljø.

Kva betyr dette for deg framover?

At Kraftlauget er ein del av Generate Group betyr at vi kan halde fram med å vere det same nærverande og engasjerte laget du kjenner, samstundes som vi har heile Generate i ryggen. Det gjer oss meir fleksible, meir robuste og betre i stand til å levere verdi, uansett kva slags utfordringar og moglegheiter du står overfor.

Kraftlauget er ein del av Generate Group saman med fleire selskap som du kan sjå på nettsida til Generate.