Er du vår neste forretningsutviklar?

Vi treng fleire hovud i Kraftlauget

Vi er tre forretningsutviklarar som har meir å gjere enn vi rekk over. Prosjekta står i kø, kunstig intelligens-verktøy må temjast, og kundane våre treng drahjelp i strategisk selskapsbygging. Kort sagt: vi er i siget, og no treng vi deg med på laget.

Om Kraftlauget

Hos oss får du arbeide tett på eit av Noregs beste tech- og designmiljø. Du får fridom under ansvar, fleksibilitet i kvardagen og ein kultur der vi løyser ting saman. Vi tek samfunnsansvaret vårt på alvor: vi er bevisste på kva bransjar vi samarbeider med, og vi gir fem prosent av overskotet vårt til prosjekt som støttar FNs berekraftsmål.

Du er

Som forretningsrådgjevar hjelper du norske verksemder med å bygge betre digitale produkt, på ein betre måte. Du arbeider både med leiarar og team, og du får oppleve kva som faktisk krevst for å skape varig endring. Det handlar ikkje om rapportar i ei skuff, men om ekte verdiskaping for folk og samfunn.

Typiske oppgåver kan vere

  • Utforske og utvikle nye digitale produkt og tenester saman med kundar

  • Lede verkstader og drive fram avgjerder

  • Ta i bruk moderne metodar og KI-verktøy i praksis

  • Støtte leiargrupper i strategisk utvikling

Vi ser etter deg som

  • Har erfaring med produktstrategi, produktutforsking eller produktleiing

  • Kanskje har arbeidd som konsulent, i ei oppstartsverksemd eller in-house i eit større selskap

  • Er oppteken av å skape effekt og ikkje av å skrive skrivebordsrapportar

  • Klarer å drive ting framover og få med deg folk undervegs

Vi tilbyr

  • Eit miljø der du får lære og utvikle deg fagleg

  • Stor fridom og tillit kombinert med fellesskap og samarbeid

  • Høve til å arbeide med prosjekt som faktisk betyr noko

Betingelsar

Vi har gode fastløner som ligg der uansett om du i oppdrag, er ledig, sjuk eller i permisjon. Pensjonsordningane er gode og du får det utstyret du treng. Om det er ting du saknar ved våre betingelsar, fiksar vi det. Du kan lese meir om det i handboka vår.

Høyres dette interessant ut?

La oss ta ein kaffi og bli betre kjent ☕

Gjer det enkelt, send meg ei lenke til Linkedin eller ein cv til jobb@kraftlauget.no