Er du vår neste forretningsutviklar?
Vi treng fleire hovud i Kraftlauget
Vi er tre forretningsutviklarar som har meir å gjere enn vi rekk over. Prosjekta står i kø, kunstig intelligens-verktøy må temjast, og kundane våre treng drahjelp i strategisk selskapsbygging. Kort sagt: vi er i siget, og no treng vi deg med på laget.
Om Kraftlauget
Hos oss får du arbeide tett på eit av Noregs beste tech- og designmiljø. Du får fridom under ansvar, fleksibilitet i kvardagen og ein kultur der vi løyser ting saman. Vi tek samfunnsansvaret vårt på alvor: vi er bevisste på kva bransjar vi samarbeider med, og vi gir fem prosent av overskotet vårt til prosjekt som støttar FNs berekraftsmål.
Du er
Som forretningsrådgjevar hjelper du norske verksemder med å bygge betre digitale produkt, på ein betre måte. Du arbeider både med leiarar og team, og du får oppleve kva som faktisk krevst for å skape varig endring. Det handlar ikkje om rapportar i ei skuff, men om ekte verdiskaping for folk og samfunn.
Typiske oppgåver kan vere
Utforske og utvikle nye digitale produkt og tenester saman med kundar
Lede verkstader og drive fram avgjerder
Ta i bruk moderne metodar og KI-verktøy i praksis
Støtte leiargrupper i strategisk utvikling
Vi ser etter deg som
Har erfaring med produktstrategi, produktutforsking eller produktleiing
Kanskje har arbeidd som konsulent, i ei oppstartsverksemd eller in-house i eit større selskap
Er oppteken av å skape effekt og ikkje av å skrive skrivebordsrapportar
Klarer å drive ting framover og få med deg folk undervegs
Vi tilbyr
Eit miljø der du får lære og utvikle deg fagleg
Stor fridom og tillit kombinert med fellesskap og samarbeid
Høve til å arbeide med prosjekt som faktisk betyr noko
Betingelsar
Vi har gode fastløner som ligg der uansett om du i oppdrag, er ledig, sjuk eller i permisjon. Pensjonsordningane er gode og du får det utstyret du treng. Om det er ting du saknar ved våre betingelsar, fiksar vi det. Du kan lese meir om det i handboka vår.
Høyres dette interessant ut?
La oss ta ein kaffi og bli betre kjent ☕
Gjer det enkelt, send meg ei lenke til Linkedin eller ein cv til jobb@kraftlauget.no