Frå millionar av dokument til søkbare innsikter på seks dagar

Då fleire millionar sider frå Epstein-dokumenta vart offentleggjorde, trong TV 2 raskt eit verktøy som gjorde det mogleg for journalistane å søkje, analysere og finne relevante samanhengar i enorme mengder ustrukturert informasjon.

Utfordringen

I januar 2026 vart om lag 3,5 millionar sider frå Epstein-dokumenta publiserte. Redaksjonar over heile verda byrja straks å leite etter nye historier, kjende namn og informasjon som ikkje tidlegare hadde vore kjend.

Dokumenta var ustrukturerte og måtte først lastast ned og gjerast tilgjengelege før dei kunne analyserast. TV 2 trong eit system som kunne handtere store datamengder og gjere innhaldet søkbart, og dei trong det på svært kort tid.

Løysing

På berre to dagar utvikla TV 2 med bistand frå Kraftlauget den første versjonen av eit oppslagsverktøy for Epstein-dokumenta. Fire dagar seinare var løysinga sett i produksjon og teken i bruk av journalistane.

Prosjektet vart gjennomført i tett samarbeid mellom utviklarar og journalistar, med kontinuerlege tilbakemeldingar og raske iterasjonar. Fordi materialet inneheldt sensitive dokument, vart tilgangsstyring bygd inn frå starten av.

Kunstig intelligens spelte òg ei sentral rolle i løysinga. Biletanalyse vart brukt til ansiktsgjenkjenning og automatisk biletomtale, slik at også visuelt innhald kunne gjerast søkbart og analyserast saman med resten av dokumentmaterialet.

Sidan dokumentmengda var så stor, vart det teke i bruk og trena lokale KI-modellar som både sparte tid og pengar der KI-bruken kunne vorte veldig dyr ved å bruka eksterne tenester.

Verdi

Når nyheitsbiletet endrar seg frå time til time, er utviklingsfart avgjerande. Løysinga gav TV 2 eit verktøy som gjorde journalistane i stand til å arbeide effektivt med eit omfattande og uoversiktleg kjeldemateriale, og bidrog til at redaksjonen raskt kunne identifisere og undersøkje nye saker.

Arkitekturen og arbeidsmetodane frå prosjektet kan òg nyttast på nytt ved framtidige dokumentlekkasjar eller andre graveprosjekt med store mengder ustrukturerte data.

Fleire prosjekt frå TV 2

Vi har også samarbeidd med både journalister og designere i TV 2 om fleire datadrivne og journalistiske løysingar. Her er nokre av sakene som er publisert i kjølvannet av dette arbeidet.

Gisseldramaet i Stavanger på tv2.no

Interaktiv rekonstruksjon av hendingane under gisseldramaet.

Lønninger i helseforetakene

Datadriven journalistikk som synleggjer løn og utvikling blant leiarar i helseføretaka.

Treng du utviklarar til prosjektet ditt?

Ta kontakt med Geir Magne Kvalsøren for ein hyggjeleg prat.

+47 997 16 479
geirmagne@kraftlauget.no