VIS Forsikring

VIS Forsikring er eit kundeigd norsk forsikringsselskap med nær 90 års erfaring og spesialisering innan biologiske skadar som råte og skadedyr. Dei tilbyr forsikringsløysingar til både privatpersonar og bygg, og kombinerer forsikring med rådgjeving, inspeksjonar og digitale verktøy for å førebyggje skadar.

VIS Bygård er eit digitalt kunnskapsverktøy utvikla av Kraftlauget i samarbeid med VIS Forsikring. Løysinga gir styre og eigarar av eldre bygårder oversikt, råd og struktur for å kunne forvalte bygga sine på ein meir langsiktig og førebyggande måte.

Samarbeidet med Kraftlauget i VIS Bygård har vært helt unikt og utrolig vellykket. Kraftlauget har deltatt i idéfasen, feltarbeid og vært med og forstått vår daglige drift. Dette har gjort at Kraftlauget har forstått vårt utgangspunkt som virksomhet og hvordan vi fra det utgangspunktet har hatt et mål om å utvikle og fornye oss gjennom dette prosjektet. Med sin involvering og forståelse i prosjektet har ikke Kraftlauget bare vært en leverandør, men også en viktig sparringspartner.

Vi har særlig satt pris på Kraftlauget sitt fokus på gode forretningsmessige og brukervennlige løsninger, samt deres kontinuerlige jakt på å utfordre oss for å sammen komme frem til det beste resultatet.
— Simon Holst Aandahl, Forretningsutvikler i VIS Forsikring
Simon Holst Aandahl, Forretningsutvikler i VIS Forsikring

Som ein fastlege for bygården

VIS Bygård fungerer som ein fastlege for bygården. Brukarane får jamlege påminningar, nyttige styreverktøy og konkrete forslag til tiltak som bidreg til å bevare verdiane i bygget. Grunnmuren i tenesta er Norges beste forsikring mot råte og skadedyr. Kombinert med god innsikt og strukturert oppfølging gir det ein tryggare kvardag for styret og ei bygning som held lenger.

Stor grad av innsiktsarbeid

Kraftlauget har hatt ansvar for innsiktsarbeidet bak løysinga, inkludert deltaking på ei rekkje befaringar og samtalar med bebuarar, styre og fagekspertar. Denne innsikta har vore avgjerande for å forstå brukarane og bygga dei forvaltar. Vi har også hatt ansvar for informasjonsstruktur, brukaroppleving og design av løysinga, samt all teknisk utvikling og vidareutvikling.

Resultatet er eit praktisk, brukartilpassa verktøy som forenklar styrearbeidet og gjer det lettare å ta vare på bygården på ein berekraftig og planmessig måte. VIS Bygård er inkludert i forsikringa og tilgjengeleg for alle kundar med bygard forsikra hos VIS Forsikring.

Teknologien bak suksessen

VIS Bygård er ei løysing som hjelper med å avdekkje og førebyggje risiko i bygardar, og gjer tilgjengeleg ei rekkje verktøy som HMS-inspeksjonar og sesongbaserte oppgåver for styra. Løysinga er bygd med moderne teknologiar som Next.js med React Aria og Tailwind CSS på frontend og ASP.NET på backend.

Next.js gjev høve til å bruke hybride renderingsstrategiar, samstundes som rammeverket kjem med fleire innebygde ytingsforbetringar, som automatisk kodesplitting og optimalisering av statisk innhald. React Aria gir solide grunnkomponentar med god universell utforming og er samtidig enkle å tilpasse eige design. Dette sikrar god flyt for utviklarane og gode brukaropplevingar.

Backend er sett saman av ein kombinasjon av backend-for-frontend-API-ar, domenespesifikke tenester og brukar ein hending-driven arkitektur for å sikre laust kopla komponentar og høg skalerbarheit.

Alt blir bunde saman gjennom infrastructure-as-code via Bicep for å sikre kontroll på infrastrukturen.

Plattforma køyrer i Azure som ein first-class citizen for å dra nytte av dei innebygde fordelane i Azure-økosystemet, som skalerbarheit, sikkerheit og tett integrasjon med tenester. Her nyttast ein kombinasjon av ulike databasetypar, applikasjonsmiljø som App Service og Azure Functions, og andre tenester som Service Bus og Storage Account.

  • Tryggleiksleverandør for over 1,2 million heimar og næringsbygg over heile Noreg

  • VIS Forsikring har sidan 1938 vore unike i forsikringsbransjen ved å utvikle naudsynt spisskompetanse på eit problem som rammar breitt.

  • VIS Forsikring har ei årleg omsetning på over 140 millionar kroner.