Visense Skade - mindre manuelt arbeid gjennom automatisering
Visense utviklar digitale verktøy for skadehandtering i bygg. Saman utvikla vi ei løysing som automatiserer sentrale arbeidsprosessar, gjer dokumentasjon enklare og gir brukarane betre oversikt gjennom heile tørkeprosessen.
Utfordringen
Skadehandtering krev presis dokumentasjon og tett oppfølging gjennom heile tørkeprosessen. Store delar av arbeidet vart utført manuelt, noko som gjorde prosessane tidkrevjande og gav unødvendig administrasjon for brukarane.
Løysing
Vi utvikla Visense Skade, ei digital plattform som automatiserer arbeidsprosessar knytte til overvaking og dokumentasjon av tørke- og skadehandtering. Løysinga samlar sanntidsdata frå sensorar, registrerer tiltak automatisk og gir brukarane oversikt over heile prosessen i eitt system. Kraftlauget hadde ansvar for innsiktsarbeid, design, brukaroppleving og utvikling av plattforma frå grunnen av.
Visense hadde en idé om at sensorer som ringer deg når huset er sykt ville være forebyggende og bærekraftig. Idéen materialiserte seg i form av at vi klarte å utvikle veldig kostnadseffektive sensorer det er lett å skalere opp. Det rekker ikke med gode sensorer om ikke brukeropplevelsen er god. Vi valgte derfor å samarbeide med Kraftlauget for å utvikle programvare og administrasjonsverktøy.
Kraftlauget har sammen med Visense laget en utrolig brukervennlig programvare som eliminerer bruksanvisning. Fyll ut feltene i appen, og ta noen bilder, så har du en automatisk tørkerapport du kan legge ved til kunde.
- Tom Robert Sletta, Forretningsutvikler og “fuktorakel” i Visense
Verdi
Løysinga reduserer behovet for manuelt arbeid ved å automatisere sentrale arbeidsprosessar og dokumentasjon. Resultatet er ein enklare arbeidskvardag for kundar og brukarar, med betre oversikt og meir effektive arbeidsflytar gjennom heile skadehandteringsprosessen.
Treng du eit team til neste prosjekt?
Ta kontakt med Geir Magne Kvalsøren for ein hyggjeleg prat.
+47 997 16 479
geirmagne@kraftlauget.no