Retninglinjer for Kraftlauget sitt etiske råd

§ 1. Verkeområde

(1). Dette legg retningslinjene for Kraftlauget sitt arbeid med kvalifisering av prosjekt og kundar. Det etiske rådet har mynde og ansvar for å godkjenne eller avvise potensielle prosjekt og kundar. Administrasjonen har plikt til å rette seg etter avgjerslene frå det etiske rådet

(2.) Det etiske rådet kan midlertidig plassere eit prosjekt eller selskap på observasjonslista før det tek eit endeleg standpunkt til om prosjektet eller selskapet skal godkjennast eller avvisast

(3.) Det etiske rådet kan på eige initiativ ta opp pågåande kundeforhold og prosjekt i Kraftlauget og vurdere desse ut frå kriteria.

§ 2. Kriterie for utelukkelse og observasjon av selskap

(1.) Kraftlauget skal ikkje ha forretningsmessige relasjonar til prosjekt eller selskap som oppfyller ein eller fleire av følgande krav:

  • Påfører vesentleg meir indirekte eller direkte klimautslepp enn det som er vanleg for bransjen

  • Arbeidar i ein bransje som ikkje er bærekraftig på sikt og har stor grad av klimautslepp

  • Ikkje tilbyr sine tilsette konkurransedyktige lønnsvilkår og/eller brukar sosial dumping i sitt arbeide

  • Har forretningsmodellar som fokuserer på enorm inntjening ved å utnytte individ som ikkje tek rasjonelle beslutningar

(2.) Det etiske rådet kan som alternativ til utelukking foreslå at Kraftlauget kan stille krav til kundar eller prosjekt

§ 3. Etisk råd sine oppgaver

(1). Det etiske rådet skal informerast om alle potensielle prosjekt og kundar så fort som mulig der kunden ikkje alt er godkjent eller eksisterande kunde. Alle prosjekt som kan vurderast til å kome inn under områda Kraftlauget ikkje skal arbeide med, skal også meldast til det etiske rådet

(2). Det etiske rådet innhentar og kvalitetssikrar informasjon på eiga hand eller kan be administrasjonen om å innhente slik informasjon

(3) Administrasjonen skal ha mulighet til å kunne legge fram sitt syn på om eit prosjekt eller kunde skal godkjennast og ha mulighet til å kunne argumentere for dette.

(4) Det etiske rådet skal begrunne sine beslutningar.

§ 4. Etisk råd si samansetning

Det etiske rådet skal ha tre medlemmer og styret i Kraftlauget utpeikar ein leiar som fungerer til styret i Kraftlauget utpeikar ein ny leiar

Medlemmene i det etiske rådet kan vere både tilsette i Kraftlauget og eksterne.