Tenester > Rådgivning > Digital Due Diligence

Digital Due Diligence

Ein praktisk og jordnær analyse av det digitale domenet i selskapet, med erfarings- og analysebaserte anbefalingar.

Organisasjonar med høg digital modning og moderne løysingsstrategiar vinn marknadsandelar. Dei kjem raskare ut i marknaden med tenester og produkt kundane vil ha, og scorer høgt både på kundetilfredsheit og attraktivitet som arbeidsgjevar.

Gapet mellom digitale leiarar og etternølarar vil vekse

Når verdikjeder blir endra og konkurransearenaen blir tøffare, samstundes som målgruppa blir stadig meir digitalt kompetent, er ein tvungen til å heve lista for å være konkurransedyktig. Selskap må sikre at dei har ein løysingsstrategi og digital plattform som har stor tåleevne og er klar for framtida. Plattformen og løysingsarkitekturen må handtere raske endringar i krav og behov frå kunder, tilsette, omgjevnadane og forretningsprosessane. 

Kraftlauget sin Digital Due-diligence teneste er skreddarsydd for dette føremålet. 

Kraftlauget sin Due Diligence teneste er skreddarsydd for å undersøke status hos deg og gje deg gode råd for å lukkast.

Kva er Digital Due Diligence?

Digital Due Diligence er ein arbeidsprosess og metode for å samle inn og analysere tilstanden innan det digitale domenet i selskapet. Den ligner på ein vanlig Due Diligence, som blir gjennomført i forbindelse med oppkjøp/fusjonar eller ved større selskapsendringar.

Kva blir den brukt til?

Digital Due Diligence tenester blir brukt til å identifisere teknisk gjeld, mulighetar og risikoar som ligg i løysingsstrategiar, virksomhetsarkitektur, dataflyten, applikasjonar og i den digitale plattformen.

Når blir den brukt?

Tenesta Digital Due Diligence blir brukt når selskap ønskjer eit eksternt syn på selskapet sin digitale tilstand og modenheit, og for å få råd og anbefalinger om vegen videre. Ofte i samanheng med planlegging og utvikling av digital strategi, forretningsevner og kompetansestrategi. 

Den vil og kunne fungere godt som beslutningsunderlag i transformasjon av selskap til ei meir digital framtid. Døme kan være modernisering av sentrale kjernesystem, etablering av nye dataplattformar, eller prioritering og planlegging av nøkkelinitiativ for å forbetre dei digitale tenestene til sluttkundar, tilsette og samarbeidspartnerar.

Tenesta blir brukt og i M&A-aktivitetar, då det kan være ei utfordring å få ein klar og heilheitleg forståing av risikoar og muligheiter knytta til eit selskap sin IT-organisasjon og IT-plattform før ein fusjon eller oppkjøp.

Roald Rossnes, CDO Fjord Line

“Kraftlauget har en Digital Due Diligence-tjeneste som passet oss godt. Det er en praktisk og erfaringsbasert tilnærming, og ble derfor valgt som rådgiver for å gjennomføre evalueringen”

Kraftlauget sin Digital Due Diligence tjeneste

Vårt Due Diligence team er erfarne teknologar og rådgjevarar som har arbeida med IT og forretning i over 25 år. Teamet er digitale håndverkarar med høg teknisk kompetanse og forretningsforståing.

Analysen vil gje deg eit kvalifisert bilde av muligheiter, risiko og digital gjeld. Du vil få ei prioritert liste over tilrådde tiltak for å sikre at selskapet sin teknologiplattform, kompetanse- og løysingsstrategi er klar for morgondagen. Den vil kunne berike eksisterande innsikt og gje Dykk verdifulle innspel på korleis de kan organisere og prioritere arbeidet framover. De kan bli meir klar over styrkar og svakheitar, og kanskje fange opp potensielle problem tidleg nok til å justere kursen i tide. 

Rammeverk & gjennomføring

Kraftlauget bistår med ein metodisk evalueringsprosess, og ein analyse av det digitale domenet i selskapet. Vi evaluerer korleis din digitale plattform, utviklings- og forbetringsinitiativ, kompetanse- og løysningsstrategiar understøttar forretningsmål og ambisjonar.

Les meir om rammeverket og gjennomføringa

Vil du snakke meir med oss?

Ta kontakt med Tor-Erik Stakset for en hyggelig prat på tor-erik.stakset@kraftlauget.no