Kraftlauget etablerer etisk råd 🌱⚖️

Kraftlauget tek sine mål om bærekraft og sosialt ansvar svært seriøst. Vi listar det ikkje opp på heimesidene og LinkedIn utan at det ligg grundig arbeid bak som krev både innsats og pengar. Som ledd i dette arbeidet har Kraftlauget sitt eige etiske råd som bestemmer kva kundar Kraftlauget kan arbeide med. Alle kan ikkje bli kunde av oss, og dei som er det, er vurdert til å falle innanfor våre krav til bærekraft og sosialt ansvar.

Vi har tidlegare brukt uttrykket “alt som er lov, er ikkje rett”. Dette gjeld og på kva kundar vi skal hjelpe. Bedrifter som eine og aleine har enorme overskot ved å utnytte personar som f.eks. ikkje burde teke kredittlån er mellom aktørar vi held oss unna. Vi vil ikkje at vårt overskot skal komme frå andre sine botnlause problem. Det samme gjeld bedrifter som ikkje tek innover seg klimakrisa planeten står ovanfor.

Når dette er sagt er det gode eksempel på selskap som har teke steget frå å være mellom dei verste i forureinande industriar til å ha nesten utelukkande fokus på fornybar energi.

Vi skal ikkje dømme heile sektorar, men vi har teke det valget at vi vil bruke dei flinkaste handverkarane i byen til dei viktigaste oppgavene framover. Difor har vi og vil vi også avslutte kundeforhold der vi meiner vi ikkje kan stå inne for målet til arbeidet vi bidreg med.

Les om retningslinjene for etisk råd

Godkjent av Kraftlaugets etiske råd

Vårt etiske råd i 2021-2023 består av:

Nora Hovland (Leiar), Øystein Malt og Oddmar Sandvik

Nora Hovland (Leiar)

Øystein Malt

Oddmar Sandvik

Forrige
Forrige

Velkommen til oss Elena👋

Neste
Neste

Tekna Magasinet: Strømmer til idealistisk it-selskap