Bærekraft i Kraftlauget

Ein viktig del av Kraftlauget er å ha fokus på bærekraft og skikkeleg handverk. Saman med tilsette, kundane våre og samfunnet rundt oss gjer me fleire viktige grep for å ta vare på miljøet.

Vi må ta vare på kloden vår. Ein dag vil nok våre barn og barnebarn spørje kva vi gjorde for å motverke klimaendringane. I Kraftlauget vil vi gjere vårt for å redusere klimautslepp og byggje eit meir bærekraftig samfunn. Etterlate oss ei bedre verd. Vere stolte av kva vi har oppnådd. Og det positive er at alle kundane vi snakkar med er einige i dette. Bærekraft er også god forretning.

Bærekraftsfond

5% av alt overskotet går tilbake til bærekraftsmåla me støttar gjennom prosjekt og kraftprisen.

Les meir om bærekraftsfondet

Miljø og fotavtrykk

Kraftlauget skal bruke ein kvar anledning til å redusere miljøbelastningen av si drift.

Les korleis me reduserer klimautslepp

Samfunnsansvar

Som ei bedrift med fagleg dyktige handverkarar innan design, teknologi og rådgiving er me opptekne av å dela på kompetansen i samfunnet.

Les korleis me tek samfunnsansvar

FNs Bærekraftsmål for bærekraftig utvikling

FNs bærekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å utrydda fattigdom, nedkjempa forskjell og stoppa klimaendringane innan 2030. FNs bærekraftsmål består av 17 mål og Kraftlauget har valt ut 4 mål som me ønskjer å jobba ekstra med å støtta.

Bærekraftsmåla Kraftlauget støttar

God helse og livskvalitet - Sikre god helse og framme livskvalitet for alle, uansett alder.

God utdanning - Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og framme moglegheiter for livslang læring for alle.

Stoppe klimaendringene - Handle omgåande for å få bukt med klimaendringane og konsekvensane av dei.

Livet i havet - Bevara og bruka havet og dei marine ressursane på ein måte som fremjar berekraftig utvikling.

Hvorfor har vi valgt å jobbe med disse bærekraftsmålene?

Kraftlauget har alltid vore oppteke av bærekraft. Alle bærekraftsmåla er viktige, men nokon motiverer oss ekstra mykje å bidra til.

Derfor valde me God helse som er føresetnaden for å ha eit godt liv. God utdanning gir folk verktøya og kompetansen, som på mange måtar er vegen ut av fattigdom. Stoppa klimaendringane er viktig fordi me vil ha ein planet me kan bu på. Livet i havet valde me fordi me er starta opp i Bergen, og så er havet livsnerven til planeten.