Bærekraftsfond

Bærekraft > Bærekraftsfond

5% av overskotet vårt går tilbake til bærekraftsmåla vi støttar

I Kraftlauget liker me å bidra til ei positiv endring. Ved å setja av 5% av overskotet kan me gi gjennom prosjekt eller bærekraftsprisen.

Til no har Kraftlauget gitt

kr 1 330 000

til bærekraftsmåla me støttar.

  • Restarters Norway vil skape en kultur for reparasjon. I 2021 støttet vi den ideelle organisasjonen med å utvikle gjenbruks- og reparasjonsportalen Fikse.

    Meir om prosjektet

  • I 2022 vart midlane frå berekraftsfondet sett av til eit Pilot Helse forprosjekt.

    Det er ei utlysing av midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraftig helse- og omsorgstenester og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring. Kraftlauget har saman med Kristiansand kommune, NORCE og Tellu fått tilslag på eit forprosjekt inn under denne ordninga.

    Ideen vår skal revolusjonera korleis innbyggjarar kan få betre rådgiving innan helserelaterte situasjonar, for å finna ut kor alvorleg det er og kor mykje det hastar - også kalla triagering på fagspråket. På den måten vil innbyggjar vita når og kva instans ein skal ta kontakt med.

  • Strikking er ein populær hobby, og det er omtrent dobbelt så mange som strikkar i Noreg enn i andre vestlege land. Med store mengder restegarn rundt om, ønskjer dei to gründerar i SaveYarn å tilgjengeleggjera dette i ei internasjonal delingsplattform.

    SaveYarn vil bidra til betre mental helse, betre personleg økonomi og betre utnytting av allereie produsert garn som gir eit meir berekraftig samfunn.

    Les meir om Saveyarn-prosjektet

Prosjektbistand

Har du ein god idé som du ønskjer å hjelp med å gjennomføra? Me er ekspertar på design, utvikling og rådgiving, og det er her me verkeleg kan bryna oss på kreative utfordringar og få prosjekt til skjene. Bærekraftsfondet set av midlar så me kan hjelpa til med pro bono prosjekt.

Kraftprisen

Du kan også nominera prosjekt du trur på til Kraftprisen. Vinnaren vil då få ei pengestøtte frå Bærekraftsfondet.

Har du en idé du ønsker å dele med oss?