Vil du bli ein del av Kraftlauget?

I Kraftlauget påverkar alle kraftkvinner og kraftkarar ved å eig eiga bedrift. Det gjer oss eit annleis miljø med fokus på samhald og fagnettverk.

Vi søkjer dei beste folka i Bergen og Oslo

Finn du ikkje stillinga du leitar etter? Send oss ein open søknad med cv eller linkedin-referanse til hei@kraftlauget.no

Korleis er det hos oss?

Kraftlauget er av folket for folket. Eller meir presist; av dei tilsette for dei tilsette. Vi skal ta vare på heile mennesket, og deg på fritida er like viktig som deg på jobb. Vi held til på Tårnplass, midt i sentrum av Bergen. Vi har moderne kontor i arbeidsfellesskapet TWR, der vi både kan utveksle idear med menneske frå andre bransjar og kan sosialisere oss også utanfor firmaet. Alt dette meiner vi er bra.

Vi har laga ei handbok som styrer etter tillit. Ta gjerne ein titt om du vil vita meir om lønn, fagutvikling, og dessutan ferie og fråvær.

Formål🙌

Vi har og to hovedformål som skal gjennomsyre alt vi gjer; bærekraft og skikkeleg handverk. 

I bærekraft tenker me både på det å kunne bidra til FN sine bærekraftsmål bedre utdanning, bedre helse, stoppe klimaendringane og livet under vatn. Her gir me kvart år 5% av overskotet som støtte, enten som direkte pengegåver eller gjennom gratisarbeid. I tillegg vil me ha ein bærekraftig forretningsmodell som gjer at både kundar og tilsette blir med oss over tid.

Det skikkelege handverket skal alltid stå i fokus. Vi skal alltid levere kvalitet, og heller ta på oss den kosten det kan medføre på kort sikt om det er nødvendig for å oppnå dette. Og det er også difor vi skal ha dei flinkaste fagfolka.

Den beste arbeidsplassen🤩

Tillit😌

“No rules is the rule”. Vi likar tillit! Vi styrer etter tillit! Vi stoler på deg! I Kraftlauget er det opptil deg sjølv å bestemme når du vil ha fri, når du vil jobbe og kva utstyr du treng. Vi stoler på at du tek gode valg både for deg og firmaet.

Meiningsfulle oppdrag😍

Vårt mål er at alle hos oss skal gå til jobben kvar dag og føle at dei gjer noko viktig. Vi vil ikkje at du skal sitte i eit meiningslaust oppdrag i lang tid, berre for at du kanskje er redd for at du skal miste lønna di. Hos oss finn vi i fellesskap dei beste oppdraga som du trives med. Om du ikkje gjer det, prøver vi å finne nye.

Fagmiljø👩‍🎓👨‍🎓

Vi går ikkje på akkord med handverket! Hos oss finn du dei hyggelegaste og mest fagleg kompetente i byen. Vi seier nei til mange fleire enn vi seier ja til, og vi tilset dei vi skal ha med oss i både gode og onde dagar. Det er forventa at du har ei fagleg utvikling i heile di karriere og vi skal støtte deg med dette.

Bærekraft

Hos oss er fokuset alltid på bærekraft, både miljømessig og arbeidsmiljømessig. Som tilsett i Kraftlauget skal du hjelpe oss til eit godt arbeidsmiljø og til at vi skal gjere vårt beste for å redusere vår fotavtrykk på jorda. Vi skal være gode kollegaer og ha ein åpen og inkluderande tone for alle. Det skal være utan risiko for eige arbeid og trivsel å rapportere kritikkverdige forhold

Lønn💰

Fastlønn👍

For å bestemme fastlønn har vi heilt sidan starten hatt som mål å gjere det enkelt og åpent. Vi har god oversikt over lønnsnivået i bransjen, og gir alle ei svært god marknadslønn. Lønna blir bestemt av utdanningsnivå, erfaring, sosialt bidrag og marknadsverdi.

Bonus🙈

I Kraftlauget følger vi det vitenskapen seier om bonusmodellar, nemleg at dei ikkje virker positivt på vår type arbeid. Snarare tvert om. Ofte verkar dei negativt på motivasjonen vår. Vi har difor ingen bonusmodell.

Overtidsbetaling🤑

Alle konsulentane i Kraftlauget har rett til overtidsbetaling for pålagt arbeid. Overtidsbetalinga finn du ved å dele årslønn på 1950 timar og legge på 40%.

Eksempelvis:
(600 000,- / 1950) * 1,4 = 431,- kr/time

Overtidsbetalinga gjeld for pålagt overtid. Når du er på eit kundeprosjekt eller -engasjement, bestemmer du i stor grad dette sjølv, med mindre kunden har strenge retningslinjer. Med andre ord får du i praksis betalt for alle timar når du er på prosjekt eller engasjement. Interntid skal være avtalt for å telje som overtid.

Avspasering og timekonto😎

I Kraftlauget har vi ingen kjernetid, men det er viktig at du stiller opp når prosjekt eller kunde har bruk for deg i arbeidstida. Her må du være klar til å forholde deg til kva som er praksis i ditt kundeengasjement.

Vi praktiserer ei avspaseringsordning der kvar enkelt har ein «tidskonto» som dei sjølv styrer.

Aksjar📈

Alle som får tilbod om tilsetjing i Kraftlauget må kjøpe aksjar i selskapet etter at prøvetida er utløpt og blir med dette medeigarar. Medeigarskap er ein del av grunnfilosofien i Kraftlauget. Prissetting av aksjene tek utgangspunkt i ei konservativ vurdering av selskapet sin verdi. For tida er aksjeprogrammet under omarbeiding.

Fagleg🤓

Fagutvikling📚

Ein dag i månaden samlar vi heile Kraftlauget til «Innedag». Dette er ein dag der heile selskapet tek fri frå prosjekt og kundeengasjement for å drive fagutvikling. I Kraftlauget har vi fasiliterte innedagar der vi har workshops og foredrag.

I tillegg til fagdagane kan ein delta på eksterne aktivitetar som konferansar, kurs eller ekskursjonar. Vi har ei føring om at alle har mulighet til å delta på minst ein ekstern aktivitet i året, men at det blir vist skjønn dersom ein ønsker å delta på fleire. Dagskurs, seminar, foredrag med lågare kostnadar kjem utanom dette. Hovudføringa er igjen at det skal gagne deg og Kraftlauget.

Ved bidrag til arrangement i form av foredrag eller kurs, går dette sjølvsagt utenom. Vi ønskjer å bidra tilbake til fagmiljøet og oppmodar til dette, samstundes som slike bidrag er ein viktig måte å promotere Kraftlauget, både for nye kundar og framtidig tilsette.

Sertifiseringar🏅

Kraftlauget oppmodar deg til å ta sertifiseringar. Du meiner kanskje ikkje nytten alltid er høg, men vær klar over at det gjer ofte kundane og partnerane vår. Vi trur og at det ikkje skadar å ta sertifiseringar. Kurs og eksamenar dekker vi, også alle dei gongane du stryk før du fullfører.

Ferie og fravær🏝

Når det kjem til ferie, køyrer vi fem veker betalt ferie. I tillegg tek vi arbeidsfri alle arbeidsdager i romjula og i påskeveka. Arbeidsfrie dagar går ikkje utover feriedagar.

Vi trur du best er i stand til å bestemme når du vil ha fri. Du må avtale med leiar slik at ditt fravær ikkje går utover andre. Gjer dette gjerne i god tid før ferien, spesielt om den er over ei veke.

Ubegrensa eigenmeldingsdager🤒

Ein av dei viktigaste grunnverdiane i Kraftlauget er tillit til kvar enkelt tilsett. Dette gjeld og eigenmeldingsdagar, der du sjølv meiner kor mange dagar du treng. Vi har ubegrensa eigenmeldingar! Om du har veldig mange eigenmeldingsdagar kan det sikkert være lurt å gå til lege.

Nedkomstpermisjon🎂

Du får betalt to veker fri i forbindelse med fødsel.

Fødselspermisjon🍼

Vi betaler full lønn for heile den ordinære permisjonstida. Du får full lønn som vanleg og vi søker refusjon for den delen NAV betalar.