Samfunnsansvar

Bærekraft > Samfunnsansvar

Etisk råd

Kraftlauget tek sine mål om bærekraft og sosialt ansvar svært seriøst. Difor har vi etablert vårt eige etiske råd som bestemmer kva kundar Kraftlauget skal arbeide med. Alle kan ikkje bli kunde av oss, og dei som er det, er vurdert til å falle innafor våre krav til bærekraft og sosialt ansvar.

Klimaregnskap

Med klimarekneskapen kartlaggar me korleis dei direkte og indirekte aktivitetane i bedrifta er med på å påverka klimaet, og der det er effektivt å setja inn tiltak. Me ser alltid etter forbetringsmoglegheiter på korleis me jobbar.

Av det me forbruker, så kjøper me dobbelt opp med EU-klimakvotar, fordi me meiner det er dei som fungerer.

Korleis fungerer EUs kvotesystem?

Etter fleire reformer fungerer no EUs kvotesystem godt, og det vil vera eit av dei viktigaste verkemidla for å innfri ambisjonane i EUs grøne giv (European Green Deal). Det er eit absolutt kvotetak for dei sektorane som er omfatta av systemet. Kvotetaket blir senka kvart år og vil med dagens reglar komma til null nokre år etter 2050.

Viss private aktørar kjøpar og slettar EU-kvotar, vil det bli færre kvotar igjen for dei selskapa som er inkluderte i systemet. Dei vil dermed bli tvinga til å kutta utsleppa sine raskare enn dei ellast ville gjort. Klimaeffekten blir tilnærma 1:1, så i teorien vil EU-kvotar vera godt eigna for aktørar som ønskjer å kompeinserum for eigne utslepp gjennom kvotekjøp.

Sosial bærekraft - Fagdager & fagmiljø

Oppdatert kunnskap er av avgjerande betydning av fleire grunnar. Me har ein gjeng av svært dyktige enkeltpersonar, og det er viktig at dei held fram med å utvikla seg. Våre fagdagar blir også kombinerte med praktiske øvingar, som både er pedagogiske og underhaldande. Derfor samlar me alle våre tilsette i Kraftlauget minst ein gong i månaden for å dela og tileigna oss nye kunnskapar.

Alle tilsette får også jamleg delta på eksterne kurs for å tileigna seg ny kunnskap.