Ønskjer du å forbetre tenesta di - eller skape noko heilt nytt?

Tenester > Design

Vi sørgjer for at forretning, teknologi og design spelar på same lag når vi lagar digitale tenester for deg og kundane dine. Når verdikjeder blir endra og konkurransearenaen blir tøffare, samstundes som målgruppa blir stadig meir digitalt kompetent, er ein nøydd til å heve lista.

Konseptutviklarane og designarane våre er på sitt beste når dei jobbar i tverrfunksjonelle grupper og får utfordra, idemyldre og skape brukarvennlege tenester. Tenester som blir baserte på god innsikt og eit profesjonelt designhandverk kombinert med å nytte funksjonell teknologi.

Kasta vekk nok pengar på gule lappar og design som ikkje let seg implementere?

Designarane våre har ikkje fancy titlar, men dei får jobben gjort. Kraftlauget bruker ikkje mange fancy ord og omgrep, men gjer det vanskelege enklare og lett å forstå. Med rett innsikt og rammevilkår designar vi tenester og produkt som gjev høg verdi, engasjerer og skil seg ut i mengda. Forretningsutvikling og brukaroppleving går best hand i hand.

Tenester og kompetanseområde

  • Analyse og innsikt

  • Kundereiser og kundeoppleving

  • Strategisk design

  • Prototyping

  • Brukartesting

  • Tenestedesign

  • Grafisk design & illustrasjon

  • UX & Interaksjonsdesign

  • Brukartesting

  • Webportalar og widgets

  • Universell utforming

  • Mentoring

Vil du snakke mer med oss?

Ta kontakt med Øyvind Wik for en hyggelig prat på oyvind@kraftlauget.no