Velkommen til oss Amar👋

Amar er utdanna Master i datalogi frå Københavns universitet. Masteren tok for seg redesign og implementering av eit optimaliseringspass i kompilatoren til programmeringsspråket Futhark, med andre ord noko oss vanlege dødelege ikkje forstår.


Amar er frå Bergen og har vokse opp i Fanaområdet der han vaks opp i ein familie på fem. Etter studia har han valgt å returnere til byen mellom dei sju fjell. Han likar som mange av oss å være med venner og drikke øl på fritida. Tidlegare har han delteke mykje i konkurranseprogrammeringsturneringar, og representert mellom anna UIB på NWERC (North Western Regional European Contest) i Eindhoven i 2018 og 2019. Han har og sørga for gode plasseringar med ein tredjeplass i Nordic Programming Contest i 2018🏅


I det siste har det blitt mindre tid til programmeringskonkurransar og meir fokus på studia. Mange spelar dataspel, men Amar tilhøyrer definitivt dei meir seriøse delen av dei sidan strategiklassikaren “Europa Universalis” er mellom favorittane. Amar har også sørga for å kunne ta vare på seg sjølv og har ikkje mindre enn svart belte i Taekwondo🥋 Den store verda er ingen trussel for Amar, og i tillegg til masteren sin har han og hatt eit studieopphold i den ein gang så fredelege metropolen Hong Kong.


I Kraftlauget skal han arbeide på prosjektteamet ut mot ulike kundar, da hovedsakleg med .NET.

 
Forrige
Forrige

Velkommen til oss Petter👋

Neste
Neste

Velkommen til oss Åsmund👋