Bærekraft - eit ord utan innhald?

Det mest populære ordet i næringslivskrinsar fram til Corona var “bærekraft”. Ein kunne knapt treffe på ei gruppe med fleire enn fem personar frå næringslivet samla utan at bærekraft vart løfta. Vi i Kraftlauget er mellom dei som har fokus på dette og er glade for at dette kjem høgare på dagsorden.

Men for dei fleste er det diverre framleis eit tomt ord

På nettsidene til mange av dei store norske selskapa finn ein ord som ”bærekraft”, “miljø” og “det grønne skiftet”. Her finn vi alt frå luftige lovnader som “bærekraft er satt på agendaen” til svært langsiktige planar som å “redusere CO2 utslipp med 50% innen 2050”. Nokre få har konkrete mål og gode handlingsplanar med umiddelbar effekt som tyder på at dei tek bærekraft på alvor, men det er dessverre langt mellom desse. Ei bedrift som er flinke er Asko, som er svært framoverlent med ein strategi om å bruke minimum 60% fornybart drivstoff innan 2025. I tillegg til elektriske lastebilar frå Tesla har dei også anskaffa ein lastebil med hydrogen som drivstoff. Hydrogen får skremmande lite merksemd all den tid det truleg er drivstoffet som har best forutsetningar for å kunne redusere klimautsleppa frå transportsektoren kraftig i åra framover.

Kva skal til

Vi treng sterkare insentiv for at alle bedrifter skal komme med enno meir offensive lovnader med tanke på å redusere sine klimaavtrykk, som igjen gir eit bærekraftig samfunn. Mange av oss meiner at konkrete mål fungerer best, også innan bærekraftsatsing. For mange bedrifter er fokuset på maksimering av botnlinja så sterkt at luftige tankar om bærekraft kjem langt ned på prioriteringslista. I vår bransje har mange av dei større aktørane såkalla “kompetansesenter” der dei samlar mange tilsette med ein bestemt kompetanse. Dette har sine fordeler. Men desse tilsette blir så flydd rundt på oppdrag i Norge og Europa, gjerne på vekependling over år. Dette har enorme klimakonsekvensar. Da hjelper det lite at du er god på kildesortering av binders. Svært få har dessverre kortsiktige, konkrete og etterprøvbare mål innan bærekraft. Eg veit at mange toppleiarar har bonusmål knytta mot finansiell prestasjon. Dette er ikkje vanskeleg å skjønne, men skal vi løfte fokuset på bærekraft må og styra i norske bedrifter gi toppleiarar klare bonusmål rundt bærekraft.

Kva med framtida

Så er spørsmålet om bedrifter utan ein skikkeleg lovnad om å bli meir bærekraftige vil være dei som toppar nyutdanna sine karriereønske i åra framover? Vi håpar ikkje det. Om vi har rett vil dette i neste omgang gå utover resultata til bedriftene som ikkje føl med i timen. Først når innsatsen for bærekraft blir ein avgjerande faktor på bonusar og botnlinja vil norske næringslivsleiarar vakne. Vi som tilsette må og stille krav til våre sjefar om å komme med meir enn luftige visjonar og intetsigande ord. Krev målbare, konkrete og ambisiøse mål innan bærekraft!

Vår lovnad

I Kraftlauget måler vi alle våre direkte og indirekte utslepp og dobbelkompenserer for desse ved å kjøpe klimakvoter. Vi veit dette ikkje er ein ideell løysing, men så mykje betre enn ikkje å gjere noko. Vi kjøper brukte Apple-skjermar og der vi kjøper nytt kjøper vi kvalitet som vi kan ha i lang tid. Vi gir og 5% av overskotet vårt til prosjekt som støttar bærekraftsformål. Vi er veldig konkrete.

Forrige
Forrige

André Berge (24) til Kraftlauget

Neste
Neste

IT-bransjen må og ta del i dugnaden!