IT-bransjen må og ta del i dugnaden!

Av Geir Magne Kvalsøren, Oldermann i Kraftlauget
Publisert 25.05.2020

Det er tøffe tider for mange grunna covid-19 situasjonen, spesielt innan transport og reiseliv. Folk er blitt arbeidsledige og permitterte i eit omfang vi knapt har sett her i landet (og i verda rundt oss).
I forrige veke var det registrert 372500 arbeidssøkarar hos NAV (nav.no), eit tal ein må tilbake til dei harde 30-åra for å matche.


Trøsta er at tala viser ein nedgang, noko vi truleg kan takke alle dei kostbare tiltaka staten har sett i gang for å holde tempoet i økonomien oppe. Desse pengane finn vi i Statens pensjonsfond utland, bedre kjent som oljefondet. Vi brukar i desse tider ekstra pengar fra fondet for å sikre økonomien, noko som utan tvil er fornuftig, men ikkje utan konsekvensar. 

Vi tærer no på sparepengane til våre barn og barnebarn

IT-bransjen har enn så lenge komme betre gjennom desse tidene enn fleire andre. Teknologi har blitt ein av vinnarane i desse tider og staten har opprettholdt sitt høge trykk innan IKT-prosjekt. At enkelte bransjar har trappa ned aktiviteten medfører ikkje at den høge og vedvarande etterspurnaden etter IT-arbeidskraft har stoppa.

Det undrar meg difor at vi no for tida blir kontakta av svært mange studentar som har fått kansellert sommarjobbar og jobbtilbod, samt i enkelte tilfelle fått utsett oppstart av sin første heiltidsjobb. Dette er ikkje ein enkel situasjon for ein nyutdanna som kjem ut av studia, kanskje har kjøpt leilegheit og planlagt livet vidare å plutseleg måtte kansellere eller utsette planane. Utan tidlegare arbeidsinntekt er det lite å få økonomisk hos staten og i verste fall blir draumane knust.

Så kan ein kanskje hevde at dette er grunna dei enorme økonomiske konsekvensane Covid-19 har fått for IT-selskapa. Rett nok har fleire av dei hatt ein verdinedgang på børsen, men resultata er jevnt over gode og har for fleire gitt dei eit godt utgangspunkt for også å håndtere eit tøft 2020 på ein god måte.

Når ein har Holden-rapporten frå 2019 i friskt minne der det blir peika på “Nokre sentrale ferdigheiter dannar fundamentet for kompetanse, og det er særleg mangel på kvalifisert arbeidskraft innan sektorar som helse, bygg og IKT.” (regjeringen.no) vil det ikkje tene bransjen å no skape unødvendig usikkerheit for dei som vurderer å vie sine liv til ein jobb innan IKT. Det er det siste vi treng!

Vi tek vår del av samfunnsansvaret

Vi i Kraftlauget har heller ikkje berre fakturerbare oppgåver for studentane vi har inne og som kjem nyutdanna til oss frå hausten, men det er ein del av samfunnskontrakta å ta vare på dei som skal bli dei som skal finansiere våre framtidige goder. Vi har difor svart på krisa med å starte inntak av studentar tidlegare enn planlagt og ansette fleire enn vi i utgangspunktet hadde planar om. Ikkje fordi det gjev kortsiktig profitt, men fordi vi tek vår del av samfunnsansvaret!

Eg oppmodar alle bedrifter i IKT-bransjen om å løfte blikket, tenke langsiktig og heller å informere aksjonærane om at årets utbytte blir lågare enn planlagt, men at dette vil dei tene på i litt lenger perspektiv.

Geir Magne Kvalsøren, Oldermann

Forrige
Forrige

Bærekraft - eit ord utan innhald?