Er vi opptekne av våre viktigaste ressursar sitt velvære?…egentleg? 🤔

Kampen om dei beste hovuda er tøffare enn på lenge. Innan enkelte bransjar, som til dømes vår bransje, kappast dei fleste firma om å overgå kvarandre i å tilby lukrative ordningar for potensielt kommande tilsette.

Dette er vel og bra. Vi meiner at mellom anna å kunne tilby medbestemmelse i firmaet si retning framover gjennom innehav av ordinære aksjar er eit ubetinga gode for alle. Fine turar og velferdstiltak nesten utan grenser er vi også positive til.

Men så er spørsmålet korleis ei bedrift stiller seg om den tilsette vurderer å bytte beite…..? Er vi like omsorgsfulle for dei då? Eller prøver vi direkte eller indirekte å “true” dei til å bli værande i firmaet?

Eg skal være den første til å innrømme at ein alltid vil stille seg spørsmål når ein av dine kollegaer bestemmer seg for å flytte på seg til andre, spesielt om dei går til konkurrentar. Har vi ikkje vore gode nok? Kunne vi gjort noko bedre? Dette er betimelege spørsmål alle bedrifter bør stille seg.

Hindrar gode kollegaer i å lukkast vidare i sin karriere

Eg kjenner framleis til firma i IT-bransjen som har såkalla konkurranseklausular, karenstider og lignande som har som hovedformål å hindre dine gode kollegaer i å lukkast vidare i sin karriere. Eg meiner at selskap som har denne typen klausular ikkje har særleg tru på seg sjølve. Om ein må true med sanksjonar for å kunne stikke kjeppar i hjula for sine tidlegare så elska kollegaer bør det være eit faresignal. Når våre forholdsvis uerfarne nytilsette får trugsmål om at om dei seier at dei har slutta til kunde eller kollegaer blir dei saksøkt. Ikkje bra!!

Hos oss i Kraftlauget har vi ikkje, og skal aldri ha, slike klausular i våre kontrakter med tilsette.... Om ein av våre bytter jobb, til og med til ein konkurrent, skal vi ønske vedkommande lykke til på ferda og avslutte med kakefeiring. Om nokon av våre konkurrentar tek kontakt med våre for å prøve å få dei over til seg vil vi ønske begge lykke til. Vi kan til og med booke møterom til dei her så slepp dei alt strevet med å halde det hemmeleg.

Det meiner vi er å bry seg

Om du ikkje har meir tru på deg sjølv og selskapet du arbeidar i enn at du må true med sanksjonar, enten muntleg eller via juridiske klausular, trur eg det beste er om du går i deg sjølv og vurderer om kanskje problemet ligg hos deg snarare enn hos dei tilsette. Eg kan love at vi aldri vil hindre våre tilsette i å snakke med konkurrentar eller andre, og om dei finn ut at dei kan få det betre hos ein av desse skal vi ønske dei det beste vidare i karrieren. Vi skal være genuint opptekne av våre tilsette sitt beste, både når dei er her og når dei har gått vidare. Difor arbeidar vi kvar dag med å være den beste plassen for våre tilsette å være. Det meiner vi er å bry seg om våre viktigaste ressursar sitt velvære….på ekte!

Oldermann Geir Magne Kvalsøren

Oldermann Geir Magne Kvalsøren

Oldermann Geir Magne Kvalsøren

Forrige
Forrige

Vil gjøre det enklere å reparere: – Jeg har alltid hatet at folk kaster ting

Neste
Neste

Velkommen til oss Torstein👋