Velkommen til oss Torstein👋

Torstein Sandven er siste tilskot i Kraftlauget og er kjenneteikna av å være ein særdeles flink fagmann. Torstein er utdanna innan datateknologi frå NTNU og fokuserte der på maskinlæring. Under studia hadde også Torstein eit studieopphold ved University of California San Diego🇺🇸.

Han har sidan han var ferdig der fokusert på arbeid med programvare for finanssektoren🏦. For halvanna år sidan skifta han bransje og har sidan det fokusert på utvikling av løysingar for helsesektoren🏥.

Torstein har erfaring frå både frontend- og backend utvikling, men trives aller best med det siste. Verktøykassen hans består av t.d. teknologiar som C#, Rest, Azure og Blazor.

Torstein er kjent for å være oppteken av å levere gode løysingar. Han er ikkje redd for å utfordre der han meiner det må til for å oppnå nettopp dette. Han er ein god lagspelar og finn seg til rette i dei fleste grupper.

På fritida likar Torstein å brygge øl og held til i eigen leilegheit i Bergen sentrum❤️.

Bilde av Torstein i lokalene til Kraftlauget

Torstein Sandven er utviklar i Kraftlauget

Forrige
Forrige

Er vi opptekne av våre viktigaste ressursar sitt velvære?…egentleg? 🤔

Neste
Neste

Kraftlauget signerte partneravtale med Klimapartnere Vestland💚