Velkommen til oss Markus👋

Markus er utdanna Master i programvareutvikling frå UIB og vart teken opp som trainee i Sparebanken Vest via traineeprogrammet til Bergen Næringsråd. Etter at den tida var over starta han fast som utviklar i banken. Der arbeida han med så ulike ting som arbeidsflytsystem, kundebildet og møtebookingssystem.

Tekonologien han brukte var hovedsakleg .NET, men også litt frontend med EXT.JS og Blazor. Han er gledeleg nok også frå Hyllestad i fjordfylket og er ein svært habil utviklar. Utanom jobben er han ein racer på Rubiks kube, med ein personleg rekord på 7,5 sekund🏆! Her har han og delteke på NM fleire ganger.

Ellers er frisbeegolf🥏 og paddletennis aktivitetar han set pris på. På det meir eksotiske området er han i full gang med å lære seg mandarin🇨🇳 (eller kinesisk for dei uinnvidde). Bur med sambuar i leilegheit i Solheimsviken. Velkommen skal du være, Markus!!

Bilde av Markus Løland i kontorene til Kraftaluget

Markus Løland er utviklar i Kraftlauget

Forrige
Forrige

40 informatikkstudentar på samling hos Kraftlauget🤩

Neste
Neste

Velkommen til oss Alexander👋