Permitteringsbølgen
“Det som er lov, er ikkje alltid rett”
Av Geir Magne Kvalsøren, Oldermann i Kraftlauget
Publisert 23.09.2020
Ein vis mann sa ein gang til meg “det som er lov, er ikkje alltid rett”. Dette har eg fleire gonger seinare tenkt på, og særleg no under pandemien ser eg at fleire også burde handla etter desse orda.
Vi har ein situasjon vi ikkje har sett lignande til sidan andre verdskrig. I starten av året var det ca. 4 000 permitterte, så langt i år har snart 392 000 personar vore permitterte (nav.no). Grunnane til dette er åpenbare. Mange næringar måtte stenge ned og inntektsgrunnlaget forsvann. Har ein ikkje inntekter og ingen arbeidsoppgåver er permittering ofte det einaste alternativet.
For å lette byrda for dei utsette bedriftene kutta difor Stortinget arbeidsgjevar sin varslingsperiode frå fjorten dagar til to dagar, slik at bedrifter berre fekk lønnsplikt i to dagar.
Fleire, mellom anna fagbevegelsen, har hevda at dette har medført at bedrifter har permittert altfor mange tilsette, sidan staten og den tilsette fortare enn vanleg plukkar opp regningen. Sidan ordningen er så godt som generell vil og bedrifter som tener milliardar kunne bruke ordninga for å auke overskotet med enno nokre tusen ved å permittere medarbeidarar som ikkje har god nok inntjening. Kanskje desse heller kunne holdt fram i arbeidet og løyst oppgåver ein vanlegvis ikkje har tid til å utføre?
Sender rekninga vidare til våre barnebarn
Norge er i ein unik situasjon grunna det såkalla oljefondet, og det skal brukast når vi verkeleg treng det. Det som uroar meg er at firma med svære overskot og tappar i fellesskapet sine midlar. Dei sender rekninga vidare til våre barnebarn utan skruplar.
Igjen er det på tide å stå opp for fellesskapet og sine tilsette. Trass lågare aktivitet har nokon av dei største IT-konsulentselskapa i Norge ikkje permittert tilsette, men i staden varsla lågare marginar. Men vi finn og bedrifter i IT-bransjen, som varslar auka marginar samstundes som fleire av deira tilsette går permittert. Kva dette gjer med arbeidsmoralen og lojaliteten hos tilsette er opplagt. Også bedriftene sine framtidige mulighetar til å tiltrekke seg dei mest attraktive tilsette kan ein berre spekulere i, men eg trur ikkje det bedrar attraktiviteten.
For Kraftlauget sin del kan eg seie at så lenge vi kan betale ut lønn og ikkje tapar pengar, vil vi aldri permittere. Eg oppmodar alle bedrifter om å ikkje tære på midlane til dei oppveksande generasjonar før det er heilt nødvendig.