Svalbard smeltar ❤️😢
Kraftlauget fokuserer spesielt på fire av FN sine bærekraftsmål, der to av desse er å stoppe klimaendringane og hjelpe livet under vatn. Begge desse vil og ha konsekvensar for mange av dei andre bærekraftsmåla.
Klimaendringane viser ingen tegn til å bremse, snararare tvert om. Polane våre er mellom områda der klimaendringane går aller raskast og temperaturauken der er fem gonger høgare enn den gjennomsnittlege temperaturendringa på kloden (met.no).
Snittemperaturen stig
Vårt eige Svalbard er eit godt eksempel på dette. Her har snittemperaturen stige med 5,6 grader sidan 1951. Snittet i verda er 0,9 grader i den samme perioden (met.no).
Den kraftige temperaturauken på Svalbard medfører m.a. at faren for skred aukar drastisk, permafrosten forsvinn gradvis og erosjonen aukar. Vi har alt sett konsekvensar med fleire skred som kan sporast tilbake til klimaendringane. Det å få hus til å stå stabilt vil og kunne bli meir utfordrande i framtida på Svalbard. Den siste aktive gruva i Longyearbyen, Gruve 7, har blitt fylt opp av smeltevatn grunna den ekstremt varme sommaren og var ute av drift ein lenger periode. Det blir og snøfritt i vekstområda i snitt 17 dagar tidlegare enn i 1980 (framsenteret.no).
Selane har og mindre havis å lage holer for ungane sine i og blir tvungne ut i åpent terreng, isbjørnen må svømme meir grunna mindre havis, noko som tærer på energien. Dette medfører og at isbjørnane trekk lettare inn mot bebygde strøk på øya. Dette fikk Longyearbyen oppleve veka før vi kom dit da ein isbjørnhann drap eit menneske på campingplassen der.
På mange måtar kan ein seie at Svalbard blir eit laboratorium for konsekvensane av klimaendringane.
Kraftlauget beslutta å ta årets tur til Svalbard for å observere desse endringane på eiga hand. Vi fekk historiar frå personar som hadde vore busett på Svalbard i mange år om korleis det berre dei siste åra har blitt betydelege, synlege konsekvensar.
Verda mi smeltar
Journalisten Line Nagell Ylvisåker, med bakgrunn frå Svalbardposten, gav i 2020 ut boka “Verda mi smeltar”, som nettopp handlar om dei synlege konsekvensane av klimaendringane på Svalbard. Ho heldt eit svært interessant og sterkt foredrag for oss om korleis hennar vetle familie har opplevd desse endringane.
No kan mange seie at vi i utgangspunktet ikkje burde reist dit grunna utslepp. Dette er eit valid punkt vi har tenkt mykje over, men for oss er det viktig å vise våre kollegaer kva overordna utfordringar vi står ovanfor. Vi må alle forstå konsekvensane og kjempe saman. For å hjelpe litt på dobbelkompenserer vi ved kjøp av EUR-klimakvoter for heile turen.
Svalbard er ein fantastisk vakker plass, men dessverre og eit paradis som viser kva som er i ferd med å skje om vi ikkje vaknar.
Line Nagell Ylvisåker har gitt ut boka “Verda mi smeltar”
Foto: Ragnhild Utne