Si hei til Johannes, vĂ„r nye full-stack utviklar👋

Johannes har vore Tech lead i forsikringsbransjen, men har tidlegare vore innom bÄde kommunal sektor og konsulentbransjen. Han har vore borti dei fleste teknologiar gjennom Ära, og likar godt Ä prÞve desse ut for Ä forbedre prosessar og lÞysingar.

PĂ„ fritida var Johannes lenge ein habil korsangarđŸŽ¶, men no gĂ„r denne tida til Ă„ engasjere seg i lufta gjennom flysimulatorarđŸ›© 🚁

Johannes holder en blomsterbukett i kontorlokalene til Kraftlauget

Johannes SĂžrheim er full-stack utviklar i Kraftlauget

Oppvokst ved Norges nest beste fjord😉

Johannes SÞrheim er endeleg pÄ plass i Kraftlauget! Han kjem frÄ Norheimsund, idyllisk plassert ved Norges nest beste fjord. I mesteparten av arbeidslivet sitt har han likevel hatt tilhald i Bergen.

FĂžrste jobb hadde han i logistikkprogramvareselskapet Consafe Logistics i LillestrĂžm, der han utvikla programvare for Windows Mobile for klientar som Coop, Carlsberg, Rema og Maxbo.

Deretter gjekk turen vidare til konsulentselskapet Innovit i Bergen, der han i tillegg til fleire interne prosjekt arbeida pÄ oppdrag for mellom anna Equinor og Statnett. SjÞlv om Johannes har vore borti mange ulike teknologiar, er det stort sett dotnet han har brukt pÄ dei stÞrre oppgÄvene.

 

10 Ă„rs erfaring med forsikringđŸ„‡

Dei siste ti Ära har Johannes arbeida i ulike roller innan IT hos Frende Forsikring. Eit av dei fÞrste prosjekta han jobba med der, var integrasjon av ei ny lÞysing for helsevurdering. Dette var eit viktig prosjekt for Frende, med strenge krav til sikkerhet. LÞysinga har vore ein stor suksess, og Johannes har vore ein viktig bidragsytar heilt til det siste.

NÄr Johannes blir involvert i eit nytt prosjekt, legg han ned ein stor innsats for raskast mogeleg Ä fÄ eit godt overblikk over ikkje berre prosjektet, men ogsÄ korleis det heng saman med andre lÞysingar. Han likar godt Ä gÄ inn i detaljane, og blir raskt ein person som kan svare pÄ spÞrsmÄl i dei teama han har jobba i. Og om muligheten byr seg, sÄ bistÄr han med glede ogsÄ utanfor teamet der han kan.

Etter kort tid i Frende vart Johannes teamleiar, dei siste Ära som Tech Lead i team Min bedrift. Her jobba han som fullstackutviklar med React og dotnet. I eit sideprosjekt testa teamet ogsÄ ut Svelte. Han er nysgjerrig, og likar godt Ä prÞve ut ulike teknologiar for Ä forbedre prosessar og lÞysingar, men fokus er alltid pÄ at sluttbrukaren fÄr ei god oppleving.

 

Utenom jobbđŸ›© 🚁

PÄ fritida likar Johannes seg godt i fjellet, men han er ikkje mannen du finn pÄ LÞvstakken i tungt regnvÊr. DÄ set han seg gjerne ned bak flysimulatoren i staden, og flyr til finare vÊr - eller han utforskar heimeautomasjon med sensorar og smÄelektronikk.

Velkommen til oss, Johannes!

 
Forrige
Forrige

Si hei til Erlend - vĂ„r nye forretningsutvikler👋

Neste
Neste

Si hei til Kristian, vĂ„r nye frontend-utvikler👋