Goodbye Olve😭 - og lykke til som CTO🥳👏
I Kraftlauget er vi så heldige å ha utruleg dyktige tilsette som er rekna som nokon av dei aller beste fagfolka i byen både av oss og av kundane våre🤩.
Dette gjer at dei også er svært populære for andre firma på jakt etter dei beste folka. Vi har alltid lova å ta godt vare på dei både når dei er hos oss og den dagen dei vil prøve nye ting.❤️
Olve er ein fantastisk fyr og teknolog, som no blir henta til stillinga som CTO i oppstartsselskapet Quantik i Bergen. Quantik utviklar signeringsløysingar som er både kosteffektive og enkle å bruke.
Vi er overbevist om at Olve vil være rette mannen for å løfte dei på teknologiområdet og ønsker han lykke til vidare. Vi er stolte av at ein av våre tilsette får denne tilliten av eit spennande selskap. Quantik blir også kunde av Kraftlauget frå no av, så vi håpar på eit godt og langt samarbeid.🙌
Tusen takk for innsatsen Olve😊 Kaka var knall!