Vil du vere designar i Kraftlauget?

Jobb > Designar

Vi er

Kraftlauget er ei samling av dei beste fagfolka innan design og teknologi i Bergen, Oslo og Tønsberg. Dette er eit annleis miljø med fokus på samhold og fagnettverk, der alle våre kraftkvinner og kraftkarer eig og påverkar eiga verksemd.

Du er

Vi søkjer deg som har kjærleik til faget og som brenn for å gi våre kundar gode løysingar. Du har minst fire år erfaring frå bransjen og får energi av komplekse utfordringar. Du trivst i eit miljø med andre flinke fagfolk og vil vere med på å gjere verda til ein betre stad.

Gul-orange hjerteformet hjerte

Arbeid med meining

Selskapet har bærekraft som sitt hovedmål. Vi dobbelkompenserer for alle våre klimautslepp og gir 5% av overskotet vårt til prosjekt som støttar opp om FN sine bærekraftsmål.

Vi prioriterer prosjekt som støttar samfunnsnyttige og bærekraftige mål. Kraftlauget investerer tilbake til samfunnet gjennom å frivillig ta på seg prosjekt som støttar bærekraft og gjev verdi til folket.

Gult skilt med svart pil og tekst

Du kan

Du har ei brennande interesse for design og teknologi og meistrar Figma, XD og Adobe produktane. Du er og nysgjerrig på andre og likar å prøve og feile. Du har erfaring i å jobbe med andre og er ein lagspelar. Du får like stor glede av å ferdigstille noko som å starte på noko nytt og spennande.

Du har erfaring innenfor praktisk og strategisk rådgivning av UX- og tjenestedesign. Du kombinerer magefølelse, intuisjon, filosofi og innsikt til å designe strategiske konsepter som løser floker for våre kunder.

Gul, håndtegnet strek som danner et kors.

Personleg påverknad

Hos oss har vi ingen strenge reglar og retningslinjer. Vi stolar på at du er den som tek dei beste beslutningane. Du får moglegheit til å kjøpe eigarandelar i selskapet og får være med å påverke eigne oppdrag. Vi satsar mykje på kompetanseutvikling og ein del av arbeidstida brukar vi til slikt. Du får og vere med å påverke retninga Kraftlauget skal ta framover.

Dette er en svart stripe med en liten del av en grå bakgrunn synlig over.

Betingelsar

Vi har gode fastløner som ligg der uansett om du i oppdrag, er ledig, sjuk eller i permisjon. Pensjonsordningane er gode og du får det utstyret du treng. Om det er ting du saknar ved våre betingelsar, fiksar vi det. Du kan lese meir om det i handboka vår.

En minimalistisk tegning av en hånd med opp ned-verdig tegn. Håndflaten er grå, fingrene er opp ned, og det er tre tynne gullfargede armbånd rundt håndleddet.
Digitalt illustrasjon av en mann med kort, mørkt hår, iført hvit skjorte, med en nøytral bakgrunn.

Høyres dette interessant ut?

La oss ta ein kaffi og bli betre kjent ☕

Gjer det enkelt, send meg ei lenke til Linkedin eller ein cv til jobb@kraftlauget.no