Frå idé til handling - med KI som drivkraft
Har du ein idé du vil setje fart på? Frå dei første skissa til ei konkret løysing - vi hjelper deg å gjere tankar om til handling. Med korte, fokuserte prosessar får du raskt noko å vise fram, teste og utvikle vidare.
Enten du vil starte i det små med ein to-dagars sprint, eller gå rett på ein meir omfattande prototype, gir vi deg tempo, retning og eit solid grunnlag for neste steg.
KI-sprint - bygg en prototype på to dager
I staden for lange prosessar og endelause workshops, får du ein lynrask start. På berre to dagar omset vi idéar til konkrete konsept som kan visast fram og diskuterast.
KI-sprinten er den perfekte måten å teste ut tankar og samle innsikt og fungerer som oppstarten til Kraftkoding.
Kraftkoding – frå prototype til oppleving
Når idéen treng meir kjøt på beinet, tek vi det vidare i Kraftkoding. På nokre få veker bygger vi ein klikkbar prototype som gir ei realistisk oppleving av løysinga – utan tunge tekniske bindingar.
Her kombinerer vi kreativ prototyping og raske utviklingsmetodar for å skape noko som investorar, brukarar og beslutningstakarar faktisk kan teste, forstå og gi tilbakemelding på.
Når idéane er løfta frå tankar til prototypar, kan neste steg vere å byggje opp kompetansen sjølv. For mange kundar handlar det ikkje berre om å få ein prototype, men òg om å forstå og meistre dei nye verktøya som gjer utvikling mogleg i rekordfart. Derfor tilbyr vi også KI-workshoppar, der du og teamet ditt lærer å bruke KI-agentar som utviklingspartnarar. På berre ein halv dag får de praktisk erfaring, metodar som gir kontroll og kvalitet og eit rammeverk de kan ta med dykk vidare i eigne prosjekt.
Bygg eigne ferdigheiter med KI
KI-workshop - lær å kode med KI på ein halv dag
I staden for teori og lange foredrag får du praktisk erfaring. På nokre timar lærer du korleis KI-agentar kan brukast som utviklingspartnarar, med metodar som gir struktur, kvalitet og forutsigbarheit. Workshoppen gir deg eit rammeverk du kan ta med deg vidare - uavhengig av verktøy.
Vil du utforske moglegheitene med kunstig intelligens?
Ta kontakt med Erlend G.Gjesdal for en hyggelig prat på erlend.g@kraftlauget.no