Tenester > Kunstig intelligens > KI-workshop

Workshop i KI-dreven utvikling

Lær å bruke KI som ein utviklingspartnar, med struktur, kontroll og tryggleik.

Kort fortalt

I denne halvdags workshoppen får du praktisk erfaring med korleis KI kan vere ein reell samarbeidspartnar i utviklingsprosjekt. Du lærer metodar som gir oversikt og forutsigbarheit, og du får eit rammeverk som fungerer på tvers av verktøy som Claude, Lovable og andre. Resultatet er eit solid grunnlag for vidare kompetansebygging.

Dette får du lære

  • Korleis KI-agentar kan nyttast som utviklingspartnarar

  • Plan-først metodar som gir oversikt og retning

  • Effektiv prompting og validering av resultat

  • Eit praktisk rammeverk for KI-utvikling – uavhengig av verktøy

Dette er ikkje ein kursdag i eitt bestemt verktøy, men ein praktisk metode du kan ta rett med deg inn i eigne prosjekt.

Kvifor delta?

Utviklingslandskapet endrar seg raskt. Dei som meistrar KI-verktøy får både fart og kvalitet i prosjekta, men berre når dei nyttar rett metodikk.

Workshoppen gir deg:

  • Praktisk erfaring med KI i utvikling

  • Innsikt i velprøvde metodar frå Kraftlauget sitt eige arbeid

  • Eit læringsgrunnlag som varer lenger enn livssyklusen til enkeltverktøy

Kven leiar workshoppen?

Øystein Malt, leiar for KI-lauget i Kraftlauget og ein nøkkelperson i innføringa av KI-verktøy i selskapet. Øystein jobbar dagleg med KI-agentar i utvikling og deler dei same metodane vi sjølv brukar.

Tidlegare deltakarar

Vi har halde workshoppar for blant andre TV 2, Fana Sparebank og Sparebank Norge.

Vil du utforske moglegheitene med kunstig intelligens?

Ta kontakt med Erlend G.Gjesdal for en hyggelig prat på erlend.g@kraftlauget.no