Samfunnsnyttige prosjekt og skikkeleg handverk.
Vi hjelper kundar som vil skape gode opplevingar.
Frå millionar av dokument til søkbare innsikter på seks dagar
Då fleire millionar sider frå Epstein-dokumenta vart offentleggjorde, trong TV 2 raskt eit verktøy som gjorde det mogleg for journalistane å søkje, analysere og finne relevante samanhengar i enorme mengder ustrukturert informasjon.
Visense Skade - mindre manuelt arbeid gjennom automatisering
Visense utviklar digitale verktøy for skadehandtering i bygg. Saman utvikla vi ei løysing som automatiserer sentrale arbeidsprosessar, gjer dokumentasjon enklare og gir brukarane betre oversikt gjennom heile tørkeprosessen.
House of Control er eit teknologiselskap som har hjelpt økonomiavdelingar med kontroll og oversikt sidan 2006. Selskapet står bak plattforma Complete Control, utvikla i samarbeid med Kraftlauget, for å forenkle handteringa av kontraktar, eigedelar og krav til rapportering. Løysinga gjev betre kontroll, reduserer risiko og frigjer tid – og blir kontinuerleg vidareutvikla i takt med kundane sine behov
Tittel her
VIS Forsikring er eit kundeigd forsikringsselskap med nær 90 års erfaring innan råte og skadedyr. Dei tilbyr kombinerte løysingar med forsikring, rådgjeving og digitale verktøy for å førebyggje skadar. I samarbeid med Kraftlauget har dei utvikla VIS Bygård, eit digitalt verktøy som hjelper styre og eigarar med å ta vare på eldre bygårdar på ein strukturert og langsiktig måte.
Restarters, som er den ideelle organisasjonen som står bak Fikse, har inngått eit pilotsamarbeid med klesforretningen Høyer i Oslo, der fokuset er å gjere det lettare for forbrukarar å reparere kle. Kraftlauget har brukt midlar frå vårt eige bærekraftsfond for å hjelpe dei med utviklinga av tenesta. Målet er å gjere tenesta tilgjengeleg for alle, og tilby reparasjonar av fleire produktgrupper, som til dømes elektronikk.
TV 2 Sporten har ei rekkje sportsrettar og kan tilby brukarane ei utvida oppleving av kampoversikt og sport. Dette har vore ein stor suksess på mobil, og vi er med på å forbedre opplevinga på TV2 Sporten sine nettsider.
1.2 millioner unike brukarar er daglig innom tv2.no
TV 2 har fleire innkjøpte system som snakkar saman ved hjelp av TV 2 sin eigenutvikla integrasjonsplattform. Kraftlauget er med på utvikling av plattformen, som bistår både ved planlegging og utspeling av TV 2 sine kanalar.
Go Fjords er ein aktør innan reiseliv med fokus på å tilby norske reiseopplevingar. Selskapet tek turistar med til kjente og mindre kjente attraksjonar i fjellet, langs fjorden og ved kysten. Kraftlauget har hatt fleire prosjekt saman med Go Fjords, alt frå utvikling av bestillingsløysingar til grafiske illustrasjonar som styrkjer merkevara.
Eviny er størst på lynlading for elbilar i Noreg. Dei bygger landstraum til skip, elektrifiserer havbruk og transportnæringa. Og jobbar for utsleppsfrie byggeplassar. I tillegg bygger dei IoT-nett, fibernett, fjernvarmenett, solanlegg, bioenergianlegg og eit av dei første nettverka i verda for hurtiglading av elbåter.
Som en del av et tverrfaglig utviklingsteam har Kraftlauget vore med å utvikle dei nye nettsidene til Eviny.

























